Velkomne til Rundedag!

Runde Grendalag

Kvart år vert det arrangert Rundedag på Runde. Dette er som «dagar» flest, mykje folk, mykje å sjå på, god mat og god stemning. Under kan du lese førehandsomtalen som stod i Vestlansnytt (lokalavisa vår) i dag:

 

Søndag 25. juni er det Rundedag, og rundingane er i full gang med førebuingane.

– I år er vi ute i god tid, og alt er i rute. Vi starta planlegginga av årets Rundedag med ei grundig evaluering og ansvarsfordeling, og dette har fungert veldig godt så langt, fortel Randi Goksøyr, leiar i kvinne- og familielag og Marie Runde, leiar i Runde Grendalag.

Det er Runde Grendalag og Runde Kvinne- og familielag som står som arrangørar av dagen, men heile øya stiller opp på dugnad for å få arrangementet i hamn. Etter ei fartstid på over ti år, har fleire programpostar no vorte som tradisjon å rekne. Samstundes er der også nye innslag, og ein finn mykje god underhaldning for både store og små.

– Vi kjem mellom anna til å ha mange ulike salsboder, tombola og kunstutstilling med lokale kunstnarar. For dei minste vert det eigen leikekrok med mellom anna hoppeslott. Vi ser dessutan ikkje vekk frå at kaptein Svarteborg stikk innom, fortel Goksøyr.

Mange er interesserte i å selje varene sine på Rundedagen, så her vert det noko for ein kvar smak. Runde og Goksøyr kan fortelje at fleire lokale produsentar har meldt seg på. I tillegg stiller Runde blandakor velvillig opp, og Ørsta-artisten Mathea Lødemel vil ha ei avdeling med song.

– Mathea ættar frå Runde, og ho gjorde det sterkt i talentkonkurransen ”The Stream” hausten 2016. Det er veldig kjekt at ho vil kome å syngje for oss, seier Runde.

Arrangørane kan også love gjestane at det vert mykje god mat å få kjøpt.

– Det vert ein rikhaldig kafé med sveler og nærare 40 kaker. Ein får også kjøpt nydeleg, heimelaga fiskesuppe og pølser med brød, fortel Goksøyr.

Røynde husmødrer står bak fiskesuppa, så det borgar for høg kvalitet.

For mange er gjerne det historiske spelet ”Sogå om Rondagolljet” eit høgdepunkt denne dagen. Igjen er det rundingane sjølve som står bak – her som skodespelarar.

– I år har vi med over 20 skodespelarar. Med tanke på innbyggjartalet, er vi godt nøgde med deltakinga! I spelet vert heile Runde-historia presentert – frå dag éin til notida. Det skjer alltid noko nytt i laupet av året, så spelet må stadig utvidast eller endrast. Spelet er ei god blanding av fiksjon og fakta, og det vert både seriøst og humoristisk, lovar Runde.

Rundingane har så å seie alltid vore svært heldig med vêret denne dagen. I fjor var det likevel annleis.

– Merkeleg nok regna det i fjor. Det er fyrste gongen det har skjedd, så vi reknar med at dette var unntaket som stadfesta regelen, seier Goksøyr.

Statistisk sett er det altså gode sjansar for godt vêr, og ein treng uansett ikkje å tvile på at det vert ein kjekk dag.

– Vi kan love triveleg stemning, spanande underhaldning, fine kulturinnslag og god mat. Vi ser i alle fall veldig fram til årets Rundedag, og vi vil nytte høvet til å ynskje alle hjarteleg velkomne, smiler Runde og Goksøyr.