Velkomne til Rundedag!

Runde Grendalag

Søndag 24. juni er det Rundedag, og her på Runde er vi godt i gong med førebuingane. No er telta oppsette, spelet innøvd, plakatane skrivne, kunstutstillinga opphengd og fiskesuppa kokt! Det er Runde kvinne- og familielag (husmorlaget) og Runde grendelag som står som arrangørar for dagen, men heile bygda er med på den storstilte dugnaden.

Både rundingar og tilreisande sel heimelaga varer, og det vert tombola og sunnmørsk kakebord. Runde Miljøsenter vil demonstrere miniubåten sin om vêret tillet det. For borna vert det eiga skattejakt, og kanksje dukkar det opp ein sjørøvar eller to? Sist men ikkje minst kan ein få med seg det historiske humorspelet «Sogå om Rondagollje», naturlegvis med rundingar som skodespelarar.

12.00: Opning ved Jarl Martin Møller, Runde blandakor syng
13.00: Runde Miljøsenter demonstrerer miniubåten sin
13.30: Skattejakt for borna
14.30: Kåseri ved Knut Arne Høyvik
15.30: Sogå om Rondagollje

Inngang kr 50, born under 16 gratis.