Triveleg fjelltur

Runde Grendalag

Søndag 29. april arrangerte Runde grendalag ein fellesfjelltur for innbyggjarane på øya. Informasjonslappar vart delte ut i postkassene, og alle som ville og hadde høve var hjarteleg velkomne til å vere med. Dette vart ein kjekk tur med over 20 deltakarar i alle aldrar. Denne gongen var Støylen målet for turen. Neste gong vil grendalaget satse på ein tur i litt flatare terreng.