Ta omsyn til fuglane i hekketida

Olav Runde

Vi har mellom 29 og 55 millionar par hekkande fugl her i landet. 57 fugleartar, om lag 22 % av hekkefuglane våre, er i tilbakegang, og for nokre er denne nedgangen veldig stor. For å ta vare på dette mangfaldet, er det svært viktig at fuglane ikkje vert uroa i hekketida.

Fuglefotografering har vorte ein populær hobby. Vis ekstra stor varsemd når du fotograferer fuglar nær hekkeplassane. Skaff deg kunnskap om fuglane slik at du ikkje utset dei for fare og stress. Lær deg korleis dei reagerer når dei vert redde, og følg med på korleis dei taklar at du er i nærleiken.

Dersom fuglane viser engsteleg åtferd, bør du trekkje deg unna. Nokre fuglar, som måsar og terner, prøver å skræme deg vekk ved å stupe ned mot deg. Situasjonen er stressande for fuglene, og dei vert redde for egga sine eller for ungane som ventar på mat. Egg og ungar er også sårbare for rovdyr og kulde i ein slik situasjon.

Respekter bandtvangen om du har hund. I perioden 1. april – 20. august er det bandtvang for ALLE hundar.

Gjennom å opne sansane – øyre, auge og medvit – kan sameksistensen mellom fuglar og menneske fungere særs godt, og du kan nyte naturen med godt samvit!

Kjelde: Norsk Ornitologisk Forening