Runde Fyrstasjon under oppussing

Oddmar Remøy

I sommer har Runde Fyrstasjon vore under oppussing. I år er det snakk om utvendig stell av dei tre eldste husa på Kvalneset. Neste år står mellom anna nyehuset for tur. Dette er ein del av førebuingane til Fyrstasjonen sitt 250-års jubileum i 2017.

Arbeiderane haRundeFyr1_1000X563r til no holdt på i over to månader i det fantastiske, og sjeldne, sommarværet her ute i havgapet. Arbeidet går no mot slutten for i år, og dei reknar med å avslutte søndag 21. september. Anbudsrammen på det arbeidet som har vore utført i år er på om lag tre millionar.

Neste år er det blant anna Nyehuset som står for tur. Men det er enno ikkje avgjort kor omfattande restaureringa av dette over 100 år gamle huset vil bli. Men det vert diskutert både fjerning av eternittkledning og nytt skifertak.

Uansett, frå og med 2017 vil Runde Fyrstasjon stå fram som ein enno meir attraktiv plass å besøke heile året. Allereie no er besøket til tider på grensa til kva ein kan ta unna. Men sidan både stasjonen, fredingsbestemmelser og geografien er sopass begrensa er det grenser for kor mange overnattingsgjestar ein kan legge tilrette for.

Uansett har ein erfart at der det er hjerterom er det også husrom. Og staden er open som sjølvbetjent turisthytte heile året!