Runde fyr 250 år!

Olav Runde

Laurdag 2. september var det stor feiring på Runde. Runde fyr hadde 250-årsjubileum, og dette skulle feirast grundig på Kvalneset der fyren ligg.

 

Runde fyr vart avfolka i 2002, og i dag vert eine bustadhuset brukt som turisthytte av Ålesund og Sunnmøre turistforening. Saman med Kystveket og Runde grendalag stod dei som arrangørar av feiringa.

Jubileumskomiteen hadde sett saman eit godt program med maritime og fyrrelaterte tema. Som seg «hør og bør» starta programmet med helsingar og liknande. Deretter hadde historieforteljar Guri Aasen eit spanande innslag om uhyra ein i tidlegare tider meinte heldt til i havet. Runde blandakor song, og rundingane stilte med ein tilpassa versjon av spelet «Sogå om rondagolljet». Største trekkplasteret var nok likevel Ola Bremnes – naturlegvis også med sin populære «Har du fyr».

Jubilanten sjølv hadde gått gjennom ei omfattande men varsam restaurering i høve jubileet. Kystverket har brukt fleire millionar på å setje i stand dei eldgamle husa både utvendes og innvendes. Resultatet er framifrå. Fleire av husa er heilt unike i stil og byggeskikk – i allefall her i området. Det er veldig kjekt at dei vert tekne så godt vare på! Her fortener også hyttekomiteen frå ÅST honnør for sin trottige innsats år etter år.

Fleire hundre menneske tok turen over fjellet for å ta del i feiringa, og ut frå tilbakemeldingane kan nok arrangement trygt seiast å ha vore svært vellukka.