Populær overnattingsstad

Olav Runde

Sidan Runde fyr vart avfolka i 2002, har feire tusen personar overnatta der ute. Ja, Kvalneset har nok aldri vore tettare «befolka» enn etter avfolkinga!  Ålesund og Sunnmøre Turistforening driv nemleg den gamle fyrstasjonen som turisthytte, og folk frå inn- og utland tek turen til den spesielle plassen. Kanskje det kan vere noko for deg òg?

Her kan du lese meir om Runde fyr.

(Biletet over er teke under den omfattande renoveringa av fyrstasjonen. No er der endå finare!)