Naustrekkja på Runde, gnr. 9

Før Runde fekk hamn låg båtane ute på Leirå (Rundeleirå), som strekkjer seg frå Lisjeskjeret og sørover mot Hammarsneset, når dei ikkje var fortøydde nede i støda eller dregne opp i nausta. Nausta var altså plasserte på lagleg stad når dei skulle dra båtane på land. Dessutan låg det gamle klyngjetunet (gnr. 9) like sønnafor.

Runde hamn med gjestebryggje er notid. Naustrekkja lenger sør representerer fortida, ei tid då fisket vart drive med opne båtar (storbåtar) med årar og segl. Det er tydeleg at nausta skulle gje plass til meir enn ein færing eller to. Det vert fortalt at den største av gamlebåtane stakk ut or øvste veggen. Så heitte han då også ”Napoleon”.

Dei store nausta ligg der som før dei gjorde, men stortida for fiskeri på Runde er for lengst forbi. Bjarne Rabben fortel (Gardar og Folk I, s. 209) at i 1888 var det 26 båtar og 142 mann med utror frå Runde. Det merkast på nausta også at vi lever i ei anna tid. Torvtaka er avløyste av bølgjeblekk, asbestplater og helletak. Og veggene vert ikkje lenger reparerte med restar av kasserte båtar.

 

Oversynet over dagens naustrekkje tek til frå sør mot nord, frå venstre mot høgre på biletet. Kvart naust er knytte til eit bestemt bruk, og det vert kommentert. Då får vi denne rekkefylgja:

I. I venstre biletkant: Restane av ei gammal sjøbud (ikkje naust), tett inntil fyrste naustet. Buda skal ha stått ute i Goksøyra. Attståande rest er eit lafta rom. Taket var torvtekt. Tilhøyrer bnr. 11, Isak-garden, etter Isak Simonson Runde (1848 – 1926). Dagens eigar: Sigmund Runde. I sameige med bnr. 30, som vart utskilt frå Isak-garden i 1946. Dagens eigar: Helge Runde.

II. Isak-naustet. Jamfør ovanfor. Tilhøyrer altså bnr. 11 og 30.

III. Pe-Johan-naustet. Bnr. 7, Pe-Johan-garden, etter Johan Pederson Leine (1857 – 1937). Dagens eigar: Hans Jakob Runde i sameige med Jorunn Johansen Runde, bnr. 17.

IV. Jakobs-Pål-naustet. Bnr. 2, Jakobs-garden, etter Jakob Sørenson Goksøyr (1844 – 1894). Dagens eigar: Paul Karsten Runde.

V. Bø-naustet. Bnr. 8, Bø-garden, etter Martinus Nilsson Bø (1862 – 1931). Dagens eigar: Oddmund Kvalsvik.

VI. Gonnja-naustet. Bnr. 6, Gonnja-garden, etter Gunnar Hansson Runde (1861 – 1922). Dagens eigar: Gunnar Gundersen.

VII. Lars-naustet. Bnr. 10, Lars-garden, etter Lars Knutson Runde (1826 – 1915). Dagens eigar: Åse Berg.

VIII. Åtta-Oluf-naustet (Brochmann-naustet). Bnr. 1, Åtta-garden, etter Ottar Pålson Runde (1844 – 1904). Også kalla Åtta-Petter-garden, etter Petter Ottarson Runde (1872 – 1909). Son til Petter, Oluf (Åtta-Oluf), vart lokalt kalla Brochmann. Derav namnet på naustet. (Namnet var nok ikkje i allmenn bruk.)
Dagens eigar: Asbjørn Goksøyr.

IX. Peta-naustet. Bnr. 4, Peta-garden, etter Petter Karlson Teige (1887 – 1955). Dagens eigar: Gerd Unni Røvik.

X. Mass-Petter-naustet. Bnr. 13, Mass-garden (Petter-garden), etter Petter Pålson Runde (1868 – 1954). Petter sette opp dagens naust. Dagens eigar: Inge P. Runde.

XI. Pål-naustet. Bnr. 5, Mass-garden (Pål-garden) etter Pål Pålson Runde (1864 – 1949). Petter og Pål var brør og delte Mass-garden seg imellom. Namnet etter Mads Madsson Leine (1845 – 1904). Dagens eigar: Paul Runde Kalland.

XII. Ola-Sigvald-naustet. Bnr. 15, Sanden. Naustnamnet etter Sigvald Olson Runde (1877 – 1957), son til Ola Karlson Nupen (1838 – ?) Dagens eigar: Lars Gunder Golmen. (Framfor naustet bygde Sigvald ein forseggjort turkeplass for klippfisk.)

 

I tillegg til overnemnde naust har det tidlegare stått fylgjande naust/buder:

Naust som stod sør for dagens naustrekkje, like sør for kvitt hus, bnr. 15. Naustet stod på festetomt under bnr.1 attmed stova til nausteigaren. Han vart kalla Fredrik, men heitte eigentleg Hans Olav Olson Tjervåg (1876 – 1936). Faren heitte Ole Fredrik. Sonen skulle etter vanleg namneskikk verte kalla Ole-Fredrik-Hans. Men det vart i lengste laget med namn. Floken vart løyst ved at han vart kalla Fredrik. Dagens tufte-eigar: Asbjørn Goksøyr.

Torvskjå. Stod mellom IV, Jakobs-Pål-naustet og V, Bø-naustet. Bø-Sigurd ( 1898 – 1981) brukte å ha torv her.

Sjøbud. Stod mellom VI, Gonnja-naustet og tett inntil VII, Lars-naustet. Tilhøyrde Gonnja-garden.

Sjøbud. Stod mellom VII, Larsnaustet og VIII, Åtta-Oluf-naustet/Brochmann-naustet. Tilhøyrde Åtta-Oluf.

Naust. Stod mellom IX, Peta-naustet og X, Mass-Petter-naustet inntil Peta-naustet, men slik at det skråna ut frå Peta-naustet opp over mot vegen. Naustet tilhøyrde bnr. 3, synnja-i Holé.

Naust. Åtta-Hans-naustet. Bnr. 14, Åtta-Hans-garden, etter Hans Ottarson Runde (1876 – 1963). Naustet stod inntil Ola-Sigvald-naustet (XII), slik at nedste veggen flukta med øvste veggen på Ola-Sigvald-naustet. Dette var naustet til ”Napoleon”. Støda nedanfor er tydeleg enno. Dagens tufte-eigar: Otto Kalland.

 

Kjelder:
Bjarne Rabben: Gardar og Folk. I
Petter E. Runde (f. 1928)

 

Tekst og bilete: Rolf Huus