Modernisering på Langeneset

Olav Runde

I dag har folk frå Mørenett vore på Runde og teke ned straumleidningane som gjekk ned til fyrlykta på Langeneset. Fyrlykta har vorte driven av solcellepanel ei god stund no, men leidningane og stolpane har stått igjen. No er altså leidningane i ferd med å forsvinne, og etter kvart fer stolpane òg. Langeneset er eit flott område for små turar i lett terreng, og no vert omgjevnadane endå meir naturskjønne.