Kongen kjem!

Olav Runde

Barnekoret på Runde har sunge den lokalt tilpassa «Kanskje kjøme kongji, hit til Ronde no i dag» i minst 30 år. No kan det sjå ut til at det faktisk vil skje!

I alle fall kjem han til Fosnavåg. Der skal han ta del i den offisielle opninga av bølgjekraftverket på Runde. Han skal også på båttur rundt Runde. Ekstra stas ville det sjølvsagt vere som han sette føtene på rundisk jord – dét har han nemleg ikkje gjort før. Les meir om saka her og her.