Grendalaget får nettportal

Oddmar Remøy

Denne helga har styret i grendalaget arbeidd med ei ny heimeside for øya vår. Her vil det etterkvart vere mykje å lese og sjå for alle som er interesserte i det som skjer her ute i havgapet. Det vil i første omgang bli lagt ut artiklar om mange forskjellige emne, mellom anna nyheiter, historie og informasjon frå grendalaget.
Formann Olav Runde ser for seg at portalen vert opna for allment innsyn i god tid før nyttår.