Dugnad

Olav Runde

I dag har det vore dugnad i og rundt grendahuset. Vi fekk gjort mykje! Kjøkenet vart vaska ned, skuret fekk veggluker, mykje ugras vart fjerna, gamal asfalt vart teken vekk, uteborda kom på plass, det vart rydda ute og inne, vaflar vart steikte og basketballkorga vart nesten montert!

 

Skal tru om vi får vekk asfalten?

dav

Kjekk matykt med smørbrød og vaflar 🙂

Full innsats!

Full innsats! Og snart kjem basketkorga opp.

 

 

 

 

 

 
No er vi klare til 17. mai, konfirmasjon, 70-årsdag og to slektsstemne. Vi seier oss nøgde med dagens innsats!