Direktesending frå Runde på NRK!

Runde Grendalag

I kveld (30. april) kl. 20.25 vert det direktesending frå Runde på NRK. Dette programmet markerer starten på den nasjonale strandryddeveka (30. april – 6. mai) i regi av organisasjonen «Hold Norge rent». På biletet ser vi seglskuta «Vega» (nei, biletet er ikkje skeivt, det er nordavind!). «Vega» og mannskapet hennar skal reise rundt i Noreg og rapportere frå aksjonen. Her kan du lese meir om arbeidet til «Hold Norge rent», og hugs: Slå på fjernsynet til klokka 20.25 🙂