Velkomne til Rundedag!

Olav Runde

Kvart år vert det arrangert Rundedag på Runde. Dette er som «dagar» flest, mykje folk, mykje å sjå på, god mat og god stemning. Under kan du lese førehandsomtalen som stod i Vestlansnytt (lokalavisa vår) i dag:   Søndag 25. juni er det Rundedag, og rundingane er i full gang med førebuingane. – I år er vi ute i god tid, …

Viktig melding / Important message

Olav Runde

Norsk Institutt for Naturforsking (NINA) arbeidar på Runde: I nokre dagar framover vil de sjå folk med vestar i terrenget på Runde. Dei er frå NINA og skal merkje og overvake fugl. Vi gjer folk merksame på det er kun dei som har lov å gå i terrenget utanfor sperringane. Ferdselsforbodet gjeld fram til 31. august. These days there are …

Rundedag

Olav Runde

Kvart år arrangerer rundingane «Rundedag» søndagen nærast jonsokafta. I år vert dette 25. juni. Førebuingane er i full gang, og her ser vi ein del av dugnadsgjengen. Stemninga er god medan dei lagar plakatar, syr kostymer og skriv manus til det historiske spelet «Sogå om Rondagolljet». I tillegg til spel, vert det mange salsboder med lokale produkt, kulturelle innslag og …

Suksess for bølgjekraftverket

Olav Runde

Denne veka kan vi lese om bølgjekraftverket i Teknisk Ukeblad. Du finn den fyldige artikkelen her. (Foto: Waves 4 Power)

Storm Foto: Oddmar Remøy

Bølgjekraftverket i drift!

Olav Runde

Det skjer mykje spanande med bølgekraftverket for tida. Vi nærmar oss truleg ein verdssensasjon! Les meir om dette her.

Turistar i Lundeura Foto: Marie runde

Reklame

Olav Runde

No har Visit Ålesund laga ein ny reklamefilm om Runde. Her får vi sjå litt av det Runde har å by på. I tillegg til Runde Miljøsenter (som vi ser på filmen) vil vi nemne Goksøyr Camping for dei som ser etter overnattingstilbod. Og om du skulle lure… dei går ikkje heilt til fuglefjellet, men dei er på veg dit! …

Hus til sals

Olav Runde

Eine delen av tomannsbustaden på Runde er til sals. Her kan du få eit kjekt og nyoppussa hus i eit triveleg nabolag! Sjå finn-annonse her.    

Ta omsyn til fuglane i hekketida

Olav Runde

Vi har mellom 29 og 55 millionar par hekkande fugl her i landet. 57 fugleartar, om lag 22 % av hekkefuglane våre, er i tilbakegang, og for nokre er denne nedgangen veldig stor. For å ta vare på dette mangfaldet, er det svært viktig at fuglane ikkje vert uroa i hekketida. Fuglefotografering har vorte ein populær hobby. Vis ekstra stor …

Runde blandakor

«Syng med oss»

Olav Runde

26. april arrangerer Runde blandakor og Runde mannskor «Syng med oss» på Runde bedehus. Dette plar vere svært populære tilstellingar – ofte med stappfullt bedehus! Denne gongen vil koret ha eit særleg fokus på tekstar og songar etter Bjarne Rabben. Det vert dessutan loddsal og mykje god mat. Alle er hjarteleg velkomne!

Runde fyr

Marie Runde

Runde fyr vart starta i 1767, og vart då det femte fyret i Noreg.