Strandryddeveka nærmar seg

Olav Runde

Også i dag hadde NRK ein artikkel med utgangspunkt i Runde. Du kan lese meir om saka her. Denne gongen oppmodar dei folk om å rydde plast – noko det er all grunn til å gjere. Frå 30. april til 6. mai arrangerer Hold Norge rent «strandryddeveka», og i samband med dette, har NRK eit særleg fokus på plast i …

Havsule

Runde i media

Olav Runde

NRK har hatt fleire reportasjar om Runde i det siste. Hovudfokuset har vore at fuglane nyttar tau- og garnrestar som reirmateriale, noko som i verste fall kan få fatale konsekvensar for dei. Her kan du lese den fyrste og sjå den siste reportasjen.  

Betre mobildekning på Runde

Olav Runde

Dei siste vekene har det vore ein god del graveaktivitet på Langeneset. Der skal det nemleg setjast opp ei ny mobilmast. Denne vil gi god mobildekning i Goksøyra, på Langeneset og på sjøen i området. Tryggleiken til både fastbuande, fiskarar og turistar vert dermed mykje betre.

Modernisering på Langeneset

Olav Runde

I dag har folk frå Mørenett vore på Runde og teke ned straumleidningane som gjekk ned til fyrlykta på Langeneset. Fyrlykta har vorte driven av solcellepanel ei god stund no, men leidningane og stolpane har stått igjen. No er altså leidningane i ferd med å forsvinne, og etter kvart fer stolpane òg. Langeneset er eit flott område for små turar …

Vil du flytte til Runde?

Olav Runde

I så fall har du sjansen no! For tida er her nemleg to hus til sals. Dette er ikkje kvardagskost. Begge husa er relativt nye, og du kan flytte rett inn! Du kan lese meir om husa her og her. Om du har spørsmål knytte til bygda, må du gjerne ta kontakt via kontaktskjemaet vårt. Velkomne til trivelege og idylliske Runde!

Rekefest!

Olav Runde

Fyrstkomande fredag kl. 20.00 vert det rekefest på grendahuset. Vi serverer reker, krabbe, pastasalat og kaker. Inngang 200 kr, og då et du så mykje du vil. Hugs påmelding om du vil ha mat. Alle er hjarteleg velkomne!

Kongen kjem!

Olav Runde

Barnekoret på Runde har sunge den lokalt tilpassa «Kanskje kjøme kongji, hit til Ronde no i dag» i minst 30 år. No kan det sjå ut til at det faktisk vil skje! I alle fall kjem han til Fosnavåg. Der skal han ta del i den offisielle opninga av bølgjekraftverket på Runde. Han skal også på båttur rundt Runde. Ekstra …

Runde fyr 250 år!

Olav Runde

Laurdag 2. september var det stor feiring på Runde. Runde fyr hadde 250-årsjubileum, og dette skulle feirast grundig på Kvalneset der fyren ligg.   Runde fyr vart avfolka i 2002, og i dag vert eine bustadhuset brukt som turisthytte av Ålesund og Sunnmøre turistforening. Saman med Kystveket og Runde grendalag stod dei som arrangørar av feiringa. Jubileumskomiteen hadde sett saman …

Boklansering

Olav Runde

I samband med Runde fyr sitt 250-årsjubileum, har Harald Jarl Runde skrive ei veldig interessant bok om Runde fyr. 31. august var det boklansering på grendahuset, og mange møtte opp for å høyre forfattaren fortelje. Grendalaget serverte smørbrød og kaker.

Nye brosjyrar

Olav Runde

Fylkesmannen har oppdatert brosjyrane om fuglefredinga på Runde, og dei ser ut til å vere noko meir innhaldsrike enn tidlegare utgåver. Du får eit gratis eksemplar ved å vende deg til turistnæringa på Runde. Dei har truleg desse brosjyrane ved turistinformasjonen i Fosnavåg òg (på rådhuset). Du finn ei lenkje til brosjyrane på denne nettsida.