Dugnad

Olav Runde

I dag har det vore dugnad i og rundt grendahuset. Vi fekk gjort mykje! Kjøkenet vart vaska ned, skuret fekk veggluker, mykje ugras vart fjerna, gamal asfalt vart teken vekk, uteborda kom på plass, det vart rydda ute og inne, vaflar vart steikte og basketballkorga vart nesten montert!               No er vi klare til …

Julefesten utsett!

Olav Runde

Grunna uvêr og fare for at Rundebrua kan verte stengd i løpet av kvelden, vert julefesten flytta til 28. desember. Same tid, same stad!

Grendalaget får nettportal

Oddmar Remøy Runde Grendalag

Denne helga har styret i grendalaget arbeidd med ei ny heimeside for øya vår. Her vil det etterkvart vere mykje å lese og sjå for alle som er interesserte i det som skjer her ute i havgapet. Det vil i første omgang bli lagt ut artiklar om mange forskjellige emne, mellom anna nyheiter, historie og informasjon frå grendalaget. Formann Olav ...

Runde grendalag får nettportal

Marie Runde

Denne helga har styret i grendalaget arbeidd med ei ny heimeside for grendalaget. Her vert det mykje interessant å lese om og mange fine bilete å sjå på.

Datakurs

Kari-Mette Runde Eide

Styret i grendalaget er på datakurs.

Runde Fyrstasjon under oppussing

Oddmar Remøy

I sommer har Runde Fyrstasjon vore under oppussing. I år er det snakk om utvendig stell av dei tre eldste husa på Kvalneset. Neste år står mellom anna nyehuset for tur. Dette er ein del av førebuingane til Fyrstasjonen sitt 250-års jubileum i 2017. Arbeiderane har til no holdt på i over to månader i det fantastiske, og sjeldne, sommarværet ...