Betre mobildekning på Runde

Olav Runde

Dei siste vekene har det vore ein god del graveaktivitet på Langeneset. Der skal det nemleg setjast opp ei ny mobilmast. Denne vil gi god mobildekning i Goksøyra, på Langeneset og på sjøen i området. Tryggleiken til både fastbuande, fiskarar og turistar vert dermed mykje betre.